Tyskland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
| Nasjonale motto: Einigkeit und Recht und Freiheit | |||||
![]() |
|||||
| Offisielle språk | Tysk | ||||
| Hovudstad | Berlin | ||||
| Styresett |
Republikk Horst Köhler Angela Merkel |
||||
| Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
357 021 km² (62.) 2,9 % |
||||
| Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
82 431 390 (14.) — 231/km² (34.) |
||||
| Sjølvstende |
1871, 1949, 1990 | ||||
| BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
2 498 471 mill. USD (5.) 30 150 USD (17.) |
||||
| Valuta | Euro | ||||
| Tidssone | UTC +1 | ||||
| Nasjonalsong | Das Lied der Deutschen | ||||
| Nasjonaldag | 3. oktober | ||||
| Internasjonal telefonkode | +49 | ||||
| Nasjonale toppdomene | .de | ||||
Tyskland er eit land i Sentral-Europa. Det tyske namnet er Bundesrepublik Deutschland, med Deutschland som kortform. Tyskland er eit stort industriland. Det har sams grense med Danmark, Polen, Tsjekkia, Austerrike, Sveits, Frankrike, Luxemburg, Belgia og Nederland. I nord utgjer Nordsjøen og Austersjøen dei naturlege landegrensene.
Hovudstad og administrasjonsstad er Berlin. Nokre regjeringskontor har sete i Bonn. Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Land (fleirtal Länder). Tyskland er medlem av Den europeiske unionen, NATO og G8.
[endre] Historie
Nasjonalstaten Tyskland oppstod først i 1871, då den prøyssiske hæren hadde innteke slottet i Versailles etter å ha sigra over Frankrike i den fransk-tyske krigen 1870–1871. Omgrepet Tyskland har likevel vore brukt sidan tidleg mellomalder, til dømes om det tysk-romerske riket som blei grunnlagd i år 843. Men etter dette var landet delt opp i ei mengd små fyrstedøme.
Historia til det moderne Tyskland kan delast inn i desse periodane: Keisardømmet 1871–1918, Weimarrepublikken 1918–1933, Det nazistiske «Tredje Riket» 1933–1945 (som frå 1938 til 1945 også omfatta Austerrike), etterkrigstida og delinga 1945–1989 og det gjenforente Tysklands periode (1990–).
[endre] Bakgrunnsstoff
|
Austerrike | Belgia | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
| Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |


